onsdag 12. oktober 2011

Sløv og kjølig fri-onsdag


I dag vakna Minstemann og eg temmeleg seint. Vi åt frokost og gjorde lekser og skulearbeid, elles vart lite gjort før eg laga middag til dei to mellomste kom heim frå skulen. Storegut somna på sofaen like etter middag, og Minstemann og eg gjekk ein tur i fjøra medan Veslejenta gjorde lekser. Frisk luft gjer underverk, men ein må kle seg godt. Å fryse er det verste eg veit.

1 kommentar:

  1. Eg er frostig og lite i form. Derfor tenkjer eg på Eirik, som ikkje såg så godt ut sist eg såg han. Håper han har fått att appetittien og et seg opp att. Eg har litt å tære på, så det går bra.
    Håper det blir ein fin konsert i kveld, og så må du komme å få på vinterdekk så snart det blir fare for glatte vegar.

    SvarSlett