onsdag 21. mai 2014

Bok 40 2014: "Profetene i Evighetsfjorden" av Kim Leine

Den danske forfattaren Kim Leine voks opp i Noreg i 1971, men flytta til Danmark som 17-åring. Har er utdanna sjukepleiar, og har budd og arbeidd på Grønland i 15 år. "Profetene i Evighetsfjorden" er ei tjukk bok som har handling frå alle desse tre landa, men mest av alt handlar den om Grønland. Det er ein historisk roman frå slutten av 1700-talet, og handlinga er både dramatisk og mangfaldig.

Hovudpersonen i boka er Morten Falck. Han utdannar seg til prest, trass i at han helst ville ha blitt lege. Han tek med seg kua Roselill og reiser til Grønland for å misjonere, og det skjer mykje dramatisk både før han reiser og ikkje minst der han arbeider. Persongalleriet er stort og frodig, og det einaste eg har å utsetje på boka er at den er i overkant voluminøs til at eg greier å halde alle trådane frå byrjing til slutt. Elles er dette ei svært god bok, og eg skjønar godt at Leine fekk Nordisk Råds litteraturpris for den i 2013.

1 kommentar:

  1. denne boka kunne eg godt tenkt meg å lese om att, for den var nokså mangfaldig for å seie det forsiktig. Føler ikkje at eg fekk med meg alt. Så intervju med forfattaren på TV og fekk lyst å lese fleire av bøkene hans.

    SvarSlett