søndag 4. mai 2014

Søndag på Sagesetra

Dagen starta med kakepynting og -levering, før ungane og eg tok vår nye kombo: lærekøyring og tur. Turmålet var Sagesetra, og Storegut fekk øve seg litt på rygging og parkering, i tillegg til å køyre fram og heim. Til middag laga vi nachos med restar frå gårsdagens tacos, og så hadde eg baka ein ekstra Pavlova-botn og løyvd både krem og bær såpass vi fekk dessert òg. Sola skin, men det er kaldt. Perfekt vêr for konfirmasjon og bunad, tenkjer eg!



2 kommentarer:

  1. Ja, det har vore ein passeleg fin dag til det! Her er det konfirmasjon neste helg.

    SvarSlett
  2. Det tredje bildet vart heilt fantastisk då eg la det inn på "storskjermen" min.

    SvarSlett