onsdag 30. juli 2014

Bok 61 2014: "Det siste barnet" av John Hart

Tvillingsystera til 13 år gamle Johnny forsvinn. Eit år seinare har faren forsvunne, mora dopar seg og det meste i Johnnys liv er trasig. Han bruker dagane til å leite etter systera saman med ein litt pussig kompis, og dei kjem bort i mykje elende undervegs.

På vaskelappen står det at boka er spennande, men eg syntest den var noko langdryg (som vanleg). Spesielt midtpartiet var omstendeleg, og eg gløymde karakterane etter kvart som nye kom til. Mot slutten tok det seg noko opp, men så flata det ut att. Når alt dette er sagt om spenningskurva, må eg legge til at det er ei krimbok med "noko attåt". Ein får reist ein del etiske spørsmål, og ein får noko å tenkje på når det gjeld kvifor menneska handlar som dei gjer. Konklusjonen min er at den er høgst lesverdig, men som krim er den litt stilleståande til tider.

1 kommentar:

  1. Eg likte denne boka godt då eg las den for fleire år sidan, men etter den tid har eg lese mange liknande bøker, så det er ikkje sikkert eg ville likt den SÅ godt no. No les eg krim når eg vil ha god underhaldning, og då blir det gjerne Jussi Adler Olsen, Øystein Wiik og Jan Mehlum etc.

    SvarSlett