lørdag 25. september 2010

Fotball, Familie og Fårikål



I dag var det Bendit-cup i Volda. Veslejenta spelte heile dagen fordi ho spelar på to lag, medan Minstemann berre deltok i tre kampar, der Storegut og eg berre fekk med oss den siste, som dei forresten vann stort. Deretter reiste gutta og eg til Ørsta, der vi fekk servert fårikål og eplekake - kan det bli meir sesongprega enn det? Nydeleg var det i alle fall. Systa og Niesa var der også.

Niesa og Storegut er nesten like gamle, og dei har undervegs i livet ofte blitt samanlikna når det gjeld høgde. Akkurat no er Storegut ein cm eller to høgare enn niesa - mykje på grunn av håret.

fredag 24. september 2010

Litt tidleg med nyttårsforsett?

No har eg endeleg fått gjort noko eg har tenkt på lenge: bestilt årskort på "Tren". Etter kvart som kveldane blir mørkare, vert det mindre og mindre freistande å gå tur ute, sjølv om det er min favoritt blant mosjonsartane. Derfor tenkte eg at treningssenter kan vere eit godt alternativ. Med medlemskort kan ein trene  på apparat av ymse slag, eller ein kan gå på aerobicstimar, spinning, yoga og anna. Eldstejenta har vore medlem eit år, og no gjekk ho inn som "familiemedlem" i eit pakketilbod. På 90-talet trena eg mykje aerobics i Ulsteinvik, og no håpar eg på å kunne ta opp ein tråd eg har sleppt ned for lenge sidan. Berre eg ikkje raknar heilt...

torsdag 23. september 2010

Nora, "du er jo bare et barn!"

Litt vaksenopplæring her:
Namnet "Nora" i Et Dukkehjem er ikkje tilfeldig, men viser til ordet "nor". Ordlista seier:

nor n1 (jf gda norn, kanskje av norr n&oeacute;ra 'nære') spedbarn

tirsdag 21. september 2010

Easy living

Tysdag er det Minstemann og Mammas kosedag, då dei hine vanlegvis er på korps. Minstemann får velje middag, og favorittmåltidet hans er "rett i koppen"-suppe. Han er, som slekta veit, ein skikkeleg suppegjøk. Denne tysdagen hadde eg handla inn fem variantar som han kunne velje mellom, og det var stor stas. Til dessert hadde vi sjokoladebollar frå Statoil (halv pris, altfor freistande) og vaniljeis (eigentleg sorterer dette under "rydding av frysar", sidan det berre var ein rest att i ein boks). Kveldsmaten var te og ost ("rydding av kjøleskap"). Vi har elles lese "Samson og Roberto", sett masse tv og spelt PS.

For knapt to veker sidan var eg på foreldremøte og fekk høyre kor viktig det er med sunt kosthald og gode søvnvanar. Ikkje eit ord vart sagt om "kosedagar".

PS: eg kjøpte ei flaske Sana-sol i dag.

Et dukkehjem

For femtande gong har eg no sett gjennom Fjernsynsteater-versjonen av Et dukkehjem, med sjølvaste Lise Fjeldstad i rolla som Nora. Og det rare er at eg ser noko nytt i den framsyninga kvar einaste gong! Ein gong fekk eg nesten sympati med Torvald, fordi han eigentleg aldri har gjort noko gale, men er blitt eit produkt av samtida han, på lik linje med Nora. Ho har dessutan ikkje gjeve han innsyn i problema sine, men leika "lerkefugl" og spelt rolla som dukkekone. Vanlegvis ser eg sjølvsagt på han som ein feig og sjølvsentrert fyr, spesielt når han kjem småpussa att frå fest. Aller mest imponert er eg over Lise Fjeldstad, som spelar alle "versjonane" av Nora fantastisk godt - både den lystige, den fortvila og den målretta.

Elevane har lese og jobba med spørsmål til første akt før dei fekk sjå heile stykket, og no skal dei få fleire oppgåver. Seinare skal vi sjå ei filmatisering for å samanlikne adaptasjonane. Kva elevane synest, veit eg ikkje, men eg har i alle fall verdas beste jobb!

mandag 20. september 2010

søndag 19. september 2010

Tulliball-dag

Der er dei som synest eg er "litt i overkant". Mi nye "greie" er at eg går rundt med to (2) skritt-teljarar. Den gamle slutta å virke då den datt i golvet sist helg, og allereie måndag kjøpte eg meg ein ny av same sort. Det viste seg fort at den nye underrapporterer, så eg kan gå tur i ein time uten at den viser meir enn 79 talde skritt. Irritasjonen var sjølvsagt stor då eg oppdaga dette, og gleda var desto større då den gamle plutseleg begynte å virke igjen, i alle fall mesteparten av tida. No går eg altså rundt med dei begge to; ein gammal som viser rett tal skritt men som kan slutte å virke kva tid som helst, og ein ny som eigentleg berre er til irritasjon.

Søndagen har gått med til teljing av skritt medan eg høyrde på lydbok, retting av Ibsen-stilar og til slutt familiemiddag med raspeball på menyen. Etter det vart det ei lita middagskvild, men no stikk eg nasen ned i stilbunken att.

Laurdagstur til Mulvika (Nerlandsøya)

I indre strok ausa regnet ned i dag, men ute ved havet var det opplett og nokolunde vindstille. Det var fantastisk å sjå og høyre bølgjene bryte innover steinane og sanden, og Mulvika ligg slik til at det er storhavet som kjem innover. Dagen vart avslutta med middag på Fosnavåg brygge, då det var fullt på den restauranten som eg trur heiter "Maku". Der må ein bestille bord på laurdagar.

fredag 17. september 2010

Bok 47 2010: "Morgen i Jenin" av Susan Abulhawa

Er ein fan av Cecilia Samartins romanar knytte til dramatiske historiske hendingar, er sikkert denne boka òg fengande lesestoff. Dei minner etter mitt syn ein heil del om kvarandre, og også denne gongen finn eg historia meir interessant enn forteljinga. Samtidig er det vanskeleg å setje fingeren på kva det er eg ikkje likar. Kanskje er det dei fantastisk lukkelege kjærleiksforholda eller dei melodramatiske dødsscenane som nesten går over i parodien. Mi erfaring som lesar er at dramatikken i forteljinga kjem betre fram i eit relativt nøkternt språk. Persongalleriet er stort, men det er berre få av personane ein festar seg særleg ved. Av det positive med romanen kan eg nemne at det er interessant å sjå Palestinakonflikten så tydeleg frå palestinsk synsvinkel, og det er alltid interessant å lese romanar som skildrar andre kulturar frå innsida. 

onsdag 15. september 2010

Lang dags ferd mot natt

I kveld hadde eg teaterdate, og dermed måtte besteforeldra steppe inn som barnevakter for dei to yngste. Takk for det, forresten! I ein fullsett sal i Ørsta kulturhus fekk vi mellom andre sjå sjølvaste Liv Ullmann og Bjørn Sundquist utfalde seg i eit stykke av Eugene O'Neill som han skreiv i 1941, men som ikkje vart oppført før i 1956. Likskapen med hans eige liv var så tydelege at han la inn ein klausul om at det ikkje skulle oppførast før etter at han var død. Familiebakgrunnen til O'Neill kan ikkje ha vore spesielt lystig, for å seie det slik. Ei sterk historie, og fantastisk skodespel. Og nok ei triveleg kulturoppleving i godt lag!

tirsdag 14. september 2010

Fullt kjør

Eg er ein levande klisjé. Tidsklemme og midtlivskrise er stikkord. Dagane mine begynner og sluttar med klesvask. Eg køyrer ungar til og frå hyblar, kampar og ballett-timar ettermiddagar og kveldar. På jobb masar eg på elevar, legg planar og les fagstoff. Skritt-teljaren min får sitt daglege pes. Ledige stunder vert nytta til handling, organisering og oppfølgjing via mobiltelefon.

Men innimellom har eg kvalitetstid også. Litt facebook i ein fritime, ein ekstra kopp kaffi saman med kollegaer, ti minutt med lydbok på kaia - det er ikkje så mykje som skal til før batteria er fulle att. I dag kjørte eg dei to mellomste på korps og stakk til Minstemann ein DS såpass eg fekk lese i boka mi ein times tid før møtet i ungdomslaget.

På møtet diskuterte vi blant anna den komande Halloweenfeiringa. Mi indre heks har i alle fall fulle batteri og ser fram til å utagere...

mandag 13. september 2010

Sveisen Storegut

Måndag er contemporary-dag, så turen går til Ørsta, der begge jentene skal trene. Storegut plar vere med ein kompis heim frå skulen så han kan kome seg på fotballtrening om kvelden, men i dag vart han med til Ørsta og fekk middag hos Mormor og Morfar. Eg nytta høvet til å få han klipt, noko som var på høg tid. Dei hine fekk shoppa litt klede og denslags i mellomtida.

søndag 12. september 2010

Fotosession, Fotball og Fårikål

Med fire ungar i hus slepp ein å late seg eller lure på kva ein skal finne på. Gamla vart kommandert ut på fotosession av Eldstejenta like etter frokost, og så var det fotballkamp for Storegut, der vi hine stilde som heiagjeng. Laget var sterkt redusert fordi nokre av spelarane er i Polen, og stillinga enda 1 - 6. Min håpefulle stod berre i mål i andre omgang. Kompisen vart skada fleire gongar, men det var berre å bite tennene saman og spele vidare, sidan dei ikkje hadde innbyttarar. Ein veslebror på sidelinja vart sett inn på banen etter kvart, og vi foreldra lo godt og antyda at ein no var så desperate at ein begynte å plukke ut spelarar blant publikum...

Uansett var det deilig med frisk luft - eg angra berre på at eg ikkje sette på middagen før vi for, så vi kunne ha kome heim til ferdig fårikål. I bloggande stund står panna og putrar så fint, og svolten er påtrengande. Maten er noko av det beste med hausten, og no er det skikkeleg haustsøndag her med regn ute, fyr i omnen og altså fårikål på komfyren. Med eit par gode bøker og filmar i huset er det ingen grunn til anna enn å fryde seg over ein herleg fridag.

lørdag 11. september 2010

Lola

Eldstejenta har hybelkatt. Sidan ho skulle hit i helga, måtte katten òg få vere med. Den er utruleg søt og sjarmerande, slik kattungar flest er. Sjølv er eg meir ein hundeperson, men leikande kattungar er noko for seg sjølv. Akkurat slik som Eldstejenta. Det er kjekt å ha dei begge i hus - vi rakk akkurat å vaske ferdig til dei kom, og no står middagen i omnen. Eldstejenta seier det er kjekt å kome heim og få skikkeleg mat, og då reknar eg med det er Toro-lasagne ho meiner.

fredag 10. september 2010

Oppskrift på ei jobbveke

  • 1 stk fjelltur
  • 1 stk glosetest (rettast neste kveld)
  • 1 stk engelsk tekst
  • 1 stk møte
  • 1 stk filmframsyning
  • 4 stk tolkingar av 1800-talstekstar
  • 1 stk norskprøve på språklab'en

Bland lett saman og tilsett
  • 5 koppar kaffi
  • vatn etter behov
  • 1 pk kjeks
  • 2 stk matpakkar
  • 1 eple

Avslutt det heile med ein tur på café med trivelege kollegavenninner

Life is good :)

På Gamlegjerdet med vidvinkel og makro

Det er kanskje den siste av mange vakre dagar, og eg nytta høvet til å gå tur medan ungane var på besøk hos kompisar og venninner rundt omkring. Eg konstaterer at hausten er i full gang i fjellet; både fordi eg møtte triggerhappy leigejegarar og fordi eg fann haustfargar i lyngen. På det andre panoramabiletet ser de både Lidaveten, Helgehornet, Vallahornet og Saudehornet. Froskeperspektivet skuldast eit lite anfall av høgdeskrekk...

torsdag 9. september 2010

onsdag 8. september 2010

Bok 46 2010: "Tenkt sagt skrive"

Denne lydboka inneheld lokale historier frå bygdene eg har mest kjennskap til. Nokre av historiene er svært morosame, men der er òg nokre gode replikkar som på variert måte kjem fram gjennom dei fire som les. Best opplesing av Kyrre Grimstad, som les tekstar av faren, Ivar Grimstad.

Tredje frionsdag: fjøsstell

Etter nokre sløve timar i morgonsola drog eg med meg Minstemann til Folkestad, der vi fann Veslejenta på kaia. Vi pådrog oss ein handlerunde før balletten, og deretter vart det is-pause i Volda før vi reiste over til rette sida på fotballtrening. Der dukka Storegut også opp, og alle ungane trena ivrig medan Gamla prata med andre pårørande. Vel heime stelte dei to yngste kaninburet så Madeleine fekk det reint og fint, og vi hadde sjølvsagt kjøpt nokre godbitar til henne òg.I kveldinga såg ungane film på loftet, medan eg først gjekk tur og deretter retta haustens første prøvebunke (glosetestar er noko anna enn stilbunkar).

tirsdag 7. september 2010

I got online with a little help from my friends

Etter ein månad fann serviceverkstaden ut, etter at butikksjefen hadde purra på ein del, at modemet mitt var losna i USB-pluggen. Etter nokre dagar til fekk eg tak i eit nytt, men det virka ikkje før eg fekk ein del assistanse i dag. No er eg altså på nett i heimen, noko eg set stor pris på, både som privatperson og yrkesutøvar. Fem veker utan Internett i heimen har vore litt gørr, for å vere ærleg.

Saudehornet 1309 moh

Eg har verdas beste jobb, som kjent. Ikkje alle får gå på fjellet midt i arbeidstida, til dømes. Målet for skuleturen måndag var anten Saudehornet eller Vallahornet, og eg gjekk for det lågaste og minst dramatiske alternativet. Med hjelp frå ein elev med meir pågangsmot og viljestyrke enn meg sjølv, vart eg lokka til å overvinne min påtrengande høgdeskrekk. Eg presterte å gå (og delvis krype) til toppen av Saudehornet! Litt av ei bragd for ei pingle som meg, berre for å understreke det. Eg torde ikkje sjå på utsikta, og bileta er det eleven som har teke. Etterpå gjekk vi om Vallahornet nedatt, såpass det vart to fjelltoppar på ein dag. Pappa hadde henta ungane på kaia og mamma serverte heimelaga kjøtkaker då eg kom ned, så eg kan innrømme at støtteapparatet er i orden.


Då eg la meg om kvelden, fekk eg nesten ikkje sove fordi eg såg føre meg stien til toppen kvar gong eg lata att augene.

Laurdagstur: Brundalen og Bjørnasethornet, 739 moh

Minstemann skulle i barneselskap laurdag, så faren følgde han dit. Eg tok med hundane og dei to mellomste på setra, der det var finare enn i sommar, med strålande sol og vindstille. Ut på ettermiddagen kom dei to selskapsløvene etter med grill og pølser. Veslejenta skulle overnatte på hytta til ei venninne, og Storegut hadde vore på Bjørnasethornet med skulen fredag, så det vart berre vi tre hine som kom oss på fjellet - ein nydeleg kveldstur med flott utsikt. Minstemann hadde behov for litt drahjelp innimellom, så det var flott at vi hadde med tau.

mandag 6. september 2010

Bok 45 2010: "Mors bok" av Margaret Skjelbred

Forfattaren har nokre kladdebøker som mora hennar har skrive roman i. "Mors bok" er eit samansurium av moras meir eller mindre sjølvbiografiske roman om "Signe" og Margarets eigne barndomsminne frå ein oppvekst i eit strengt haugiansk miljø. Det høyrest mykje meir interessant ut på vaskelappen enn det er i røynda, og det trakk absolutt ikkje opp at det var forfattaren sjølv som las lydboka.

torsdag 2. september 2010

Andre frionsdag: lekser

Eg er eigentleg motstandar av lekser. Spesielt for dei små. Minstemann les godt både norsk og engelsk, han reknar som ein racer og gjer unna leksa på null komma svisj. Når han først har kome i gang, vel å merke. For det tek tid å motivere seg til å sitje inne med lekser når sola skin ute. Fridagen brukte han elles mest til å besøke naboguten og vere publikum på fotballbanen. Sjølv gjekk eg meg i tillegg ein lang tur i kveldinga før det vart min tur til å setje meg til med "lekser"...

PS: Laget til Storegut vann 15 - 3 over Haddal, medan "Veslejenta og gutta" ikkje var fullt så heldige med resultata på cupen, men gjorde ein strålande innsats.

Gladiolar

Denne buketten fekk eg av kollegavenninne K førre torsdag. Er den ikkje fin?

Bok 44 2010: "Den lukkede bok" av Jette A. Kaarsbøl

I VG3-klassen min held vi på med det moderne gjennombrotet i litteraturhistoria, og då var det spesielt morosamt å lese ei bok der Georg Brandes er ein av bipersonane. Elles har han lite med handlinga å gjere, anna enn som stemningsskapar for å få fram debatten i tida. Romanen handlar mest om kjærleik, og gjerne den håplause, einsidige varianten. Ein får òg sjå nokre tabu frå tida rundt 1875, og verknadene av dei. Romanen er skriven i ein slags sirkelkomposisjon med forfattarkommentarar som illusjonsbrot undervegs. Eg likte romanen svært godt, og takkar hermed ein kollega for lesetipset.