fredag 1. februar 2008

I am so tired


Unge nummer 1 har god musikksmak. For tida har ho fått sansen for Ozzy Osbourne, og det vekkjer gode minne for oss i den eldre generasjonen òg. Youtube er min favoritt - noko dei stakkars elevane mine har fått merke. Det er ingen grenser for kva ein kan karakterisere som "fagleg forsvarleg" - i alle fall ikkje i engelsk. På fredagane plar eg diske opp med eit nytt "funn" frå youtube, og i dag vart det altså Ozzy med "So tired" - ein sukkersøt ballade som ikkje heilt står i stil med imaget hans, og som er lagt inn med ein romantisk video som inneheld ein tjue år yngre Ozzy med blond hockeysveis, ballerinaer m.m. Tittelen på songen refererte til fredagsstemninga generelt, og til rettebunken min spesielt. Ikkje vits i å lure på kva ein skal finne på i helga, nei! Då får ein trøyste seg med at ungane sit på loftet og diggar Ozzy - ikkje akkurat den rollemodellen ein kunne drøyme om, men FOR ei stemme!

2 kommentarer:

  1. Du får minne henne på at Einar fekk kasta ei bøtte vatn over seg av sjølvaste Ozzy i fjor sommar. Eg har sansen for fyren, også utanom stemma. I The Osbournes ser han slik ut om morgenane som eg føler meg. Han spelar seg sjølv med ironi og snert.

    SvarSlett
  2. Den historia kan du no fortelje til elevane dine.Det er sikkert faglig forsvarleg også- om du gjer det på engelsk?
    Eg hadde ein flink lærar i engelsk på realskulen. Han fortalde oss historier om kjærastane sine når vi skulle lære grammatiske reglar. Gjett om vi høyrde etter?Hugsa reglane gjorde vi også!

    SvarSlett