tirsdag 12. februar 2008

National Gallery og National Portrait gallery


Tenk at vi greidde å gå gjennom begge desse fantastiske galleria på den same søndags føremiddagen! For min del er det både kjekt å gjere nye ting og gjere om att tidlegare ting, og desse galleria har eg vore innom eit par gonger før. Der er nokre favorittar blant kunstverka, og eitt av dei som vi MÅTTE sjå, var den vesle teikninga av Jane Austen som systera Cassandra har laga. Det vart nesten som ei pilgrimsreise - vi deltek alle tre meir eller mindre aktivt i "Jane Austen-klubben" på jobb, og ei av dei andre to held på med eit mellomfagsemne om Jane Austen litteratur og film. Ein av forelesarane der heldt eit foredrag på forskingsdagane i Volda i haust, og då var temaet adaptasjon av tekstane til Jane Austen. Vi fekk høyre døme på korleis Austen vart undervurdert som forfattar i samtida, og korleis bøkene er blitt oppfatta som romantiske og morosame, medan dei i samtida var nyskapande og til dels samfunnskritiske. På dametur i London passar det godt å minnast ei misforstått og undervurdert kvinne. Når Elizabeth 1 heng i fleire utgåver i naborommet på National Portrait Gallery, er lukka fullkomen.

2 kommentarer:

  1. Har ikkje fått heilt taket på Jane Austen, så eg må visst til å skjerpe meg. Har lese ei av bøkene hennar på lydbok, og det einaste eg hugsar var at dei gikk tur og gikk tur....Kanskje eg har lese den halvt i søvne?

    SvarSlett
  2. Bøkene må sjølvsagt lesast ut frå den tida dei vart til i. På overflata kan det verke litt kioskaktig, men samanlikna med annan litteratur på den tida (tidleg 1800-tal) er dei nesten realistiske.

    SvarSlett