søndag 1. mars 2009

Bok 12 2009: "Svart elfenben" av Arne Svingen


Forfattaren er best kjend som barnebokforfattar, blant anna av bøkene om Hubert og om Bendik og monsteret. Denne boka er kategorisert som ungdomsroman, og den har noko brutal handling. Eg-personen blir med bestekameraten, som er afrikansk asylsøkjar, til Afrika for å ta eit oppgjer med fortida. Sidan eg nyleg las boka av Tomm Kristiansen, var eg framleis litt i Afrikamodus. Handlinga er spennande, men leseopplevinga har blitt noko forstyrra av soving med påfølgjande attendespoling.

1 kommentar:

  1. Soving med tilbakespoling høyrest merkelig kjent ut.....derfor brukar eg meir tid på bøkene enn det eg skulle.Eg har eit anna problem når det gjeld lydbøker:Eg hugsar ikkje korleis det gjekk til slutt!Og no snakkar eg ikkje om langt tidsperspektiv.

    SvarSlett