søndag 26. september 2010

Bok 48 2010: "Slumdog Millionaire" av Vikas Swarup

Swarup er ein indisk diplomat som i 2005 debuterte med romanen "Q and A", som seinare fekk tittelen "Slumdog Millionaire" etter at filmen med den tittelen vart ein enorm suksess. På norsk er tittelen "Gutten som hadde svar på alt" - slett ikkje den beste tittel eg har høyrt. Utgangspunktet for romanen er at ein ung kelner vert arrestert, mistenkt for juks, etter å ha vunne ein milliard rupi i eit TV-show. Komposisjonen er genial; gjennom eit forhøyr får vi tilbakeblikk frå livet til kelneren, slik at vi får forklaringar på kvifor og korleis han har svara som han gjorde. Historiene er gripande, romantiske og humoristiske - etter mitt syn er dette ein roman som har det meste, og det er det beste eg har lese på lenge.

Filmen er skodd over nokolunde same lest, men er svært ulik. Nokre av handlingane kjem att i filmen, men det meste er heilt annleis. Den er dessutan meir kronologisk i tilbakeblikka enn romanen er. I og med at dei er såpass ulike, bør ein sjå på romanen og filmen som to sjølvstendige, frittståande verk med kvar sine kvalitetar, og ikkje først og fremst tenkje på filmen som ei filmatisering. Det er den strengt tatt ikkje.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese boka, men ikkje sett filmen. Dei har filmen også på biblio, så kanskje eg låner den.Likte i alle fall boka godt.

    SvarSlett
  2. Frittståande verk er kanskje ein suksessfaktor, å fri seg frå teksten, meiner eg!

    SvarSlett