lørdag 25. september 2010
Fotball, Familie og Fårikål
I dag var det Bendit-cup i Volda. Veslejenta spelte heile dagen fordi ho spelar på to lag, medan Minstemann berre deltok i tre kampar, der Storegut og eg berre fekk med oss den siste, som dei forresten vann stort. Deretter reiste gutta og eg til Ørsta, der vi fekk servert fårikål og eplekake - kan det bli meir sesongprega enn det? Nydeleg var det i alle fall. Systa og Niesa var der også.
Niesa og Storegut er nesten like gamle, og dei har undervegs i livet ofte blitt samanlikna når det gjeld høgde. Akkurat no er Storegut ein cm eller to høgare enn niesa - mykje på grunn av håret.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Vi skulle funne fram bildet i 1. klasse-t-skjortene. Då og var dei vel like, også i høgd. Elles så har vel vekstkurvene gått etter boka, jenta størst i storskulen, så tek guten henne att i ungdomsskuletida!
SvarSlettTo fine og kjekke ungdomar er dei i alle fall!
SvarSlett