Nabo T, eg og tre av gutane våre kjørte i dag inn i Dalsbygda, der vi først var inne på "Sanden" (der er ingen sand, så eg skjønar ikkje kvar namnet kjem frå) og deretter oppe ved "Litlebøvatnet" (Lisjebøvatnet). Det var nok ein herleg haustdag med sol og klår luft, og vi hadde det skikkeleg koseleg saman - i alle fall heilt til Minstemann vassa seg ut i vatnet og vart våt på buksa og i støvlane. Nabo T er godt kjend, og eg fekk tips om mange nye turmål både for store og små. La oss håpe vi kan få gått litt tur i ferien!
Fantastisk flott i fjellet slike klåre haustdagar, måtte det vare og vare. Sjølv har eg lege på altanen e.m. for å få vere ute i frisk luft, og prøvd å lese i Jenin......Det gikk som det måtte gå. Viss du seint i kveld ser ei veldig sterk "stjerne" i sør-aust, så er det Jupiter. Eg har sjekka med naboen.Den liknar veldig på Venus, mewn Venus følgjer sola, mens Jupiter står rett imot sola.
SvarSlettDet er sjeldan å sjå slik stjernehimmel som det var i går kveld på denne tida av året.