fredag 13. mai 2011

Puppy Love

Minstemann har dame. Eller rettare sagt: han har hatt dame ei stund. Sjølv vil han ikkje ha noko snakk om det, men kjærleiksbreva har strøymt på som overtydelege prov.

I dag begynte guten å fortelje på eige initiativ då eg henta han på SFO:

Mamma, du veit at T og eg har vore, ja, du veit, piiiip ei stund, sant? No er det slutt. Ja, T sa først at det var slutt, og so kom ho og spurte om att og om att om vi kunne vere, ja, piiiiip, igjen. Til slutt gøymde eg meg i ei kasse. Der fann eg ein kjepp som eg brukte til å styre til høgre, og so brukte eg eit hol til ratt og noko lego til å styre til venstre, og so leika eg at det var eit romskip og at det var Star Wars. Og so flaug eg ut i verdsrommet... 

Men korleis gjekk det med kjærleiken, då?

Nei.... Ho fann meg til slutt...

Ja, kva sa du til henne, då?

Nei... Eg sa ho var ein masekopp. Det må du hugse å kalle meg, mamma, viss eg aldri sluttar å spørje om noko!

2 kommentarer:

  1. Godt du skriv ned desse historiene-det er så altfor lett at ting går i gløymeboka.Men så er Minstemann litt meir spesiell enn dei fleste andre. På ei GOD måte sjølvsagt.

    SvarSlett