fredag 6. mai 2011

Snurr film

Jobbing kan vere så mangt. Somme dagar ser vi film, andre dagar sit eg og rettar til langt på kveld. Nokre gonger kombinerer eg desse aktivitetane så godt det let seg gjere.

Torsdag og fredag har eg snurra film på jobb. I internasjonal engelsk har vi sett den fantastiske dokumentaren "An Inconvenient Truth", der vi møter nobelprisvinnar Al Gore både privat og når han held foredrag om miljøendringar. Mykje av stoffet er både skremmande og deprimerande, men mot slutten viser han at det nyttar. Eit sitat frå filmen: "Political will is a renewable resource".

I norsk (VG3) sat fleire av russen under pultane, noko som er høgst normalt på denne tida av året, og nokre hadde i tillegg ein finger i øyret. Heller ikkje uvanleg. Då var det godt å kunne setje på slutten av filmen "Kristin Lavransdatter", som etter mitt syn er ein viktig del av den norske kulturarven. Eg fekk forresten akutt lyst til å høyre trilogien på lydbok, sidan eg ikkje har lese bøkene på tjue år. Erlend irriterer meg framleis grenselaust, må eg innrømme, og Kristin verkar meir og meir som ein sta og trassig jentunge. Det irriterer meg dessutan at ikkje resten av trilogien vart filmatisert, for sjølve filmen er storslått. Fleire av elevane hadde sett den før, men dei tolte godt å sjå den på nytt. Sjølv har eg sett den minst fem gonger.

I kveld skal eg ironisk nok på teater og sjå Ibsenstykket "Gjengangere".

1 kommentar:

  1. Gi meg solen mor !!!!
    Kvar er desse Gjengangerane?
    Nei, ikkje tung kultur på meg i dag: Ut i sola med HANS OLAV LAHLUM

    SvarSlett