onsdag 18. mai 2011

"Våre vener villsauene" og "Frykteleg fuktig fotballkamp"

I og med at frionsdagen denne veka fall på sjølvaste 18. mai, bestemte dei to heimeverande ungane og eg oss for å ha ein roleg dag. Då vêret i tillegg viste seg å bli minst like kaldt og grått som gårsdagen, var det ikkje snakk om noko stress. Eg hadde ein bunke som ikkje var fullført, og ungane hadde mest lyst til å vere inne og kose seg med rolege aktivitetar.

No er det slik med Gamla, at ho er eit vanedyr av dei sjeldne. Det er nesten umogleg for meg å setje meg til inne utan å ha vore ute ein tur først. Med to posar tørt brød la vi derfor i veg til nabosauene. Dei vert så glade for å sjå oss, for vi kjem ofte med brød til dei. Nokre av dei et frå hendene våre, og det er stor stas. Sidan vi likevel var i gang (bokstaveleg tala), vart det til at vi gjekk vidare innover langs fjorden. Då det begynte å regne att, etter ei lang stund utan nedbør, snudde vi og gjekk heimover. Vi hadde mange spennande samtaletema, og det viste seg at vi var ute i to timar. Ikkje verst, når utgangspunktet var ein kjapp luftetur. Eg fekk likevel tid til å handle, rette resten av bunken og lage middag - ja, eg fekk til og med tid til ein liten middagslur før vi reiste til Folkestad. Dei to yngste skulle trene, medan Storegut skulle spele heimekamp. Det vart ein våt seanse, og resultatet vart 4 - 5 i Larsnes sin favør. Heldigvis har vi håp om revansje til helga, då det er fotballcup.

I kveldinga har vi "rydda kjøleskap". Det er merkeleg kor svoltne ein blir av frisk luft, og middagsrestane m.m. gjekk ned på høgkant. Det er dessutan lite som er så deilig som å bli kald og våt og deretter tørr og varm. Ungane gjekk heilt frivilleg til køys etter maten, og eg nyt kvalitetstida med lydbok, tv og data.

2 kommentarer:

  1. Eg var innom Bakk-Ola og orienterte pensjoane om at det ikkje vart refleksvestar i dag heller, og der var dei-klar til tur, både 70 og 80-åringar. Vi tok ei lita shoppingrunde.Nils er enno ikkje bra i kneet, og eg var full av gikt.

    SvarSlett
  2. Ser ålreite ut dei dyra der! Fint å kunne gje vekk tørt brød.

    SvarSlett