onsdag 17. august 2011

Bok 61 2011: "Motstand" av Owen Sheers

Handlinga i romanen er lagd til Wales i 1944. I ein avsidesliggande dal vaknar kvinnene aleine i sengane sine. Mennene deira er vekk, og kvinnene må drive gardane aleine. Etter kvart kjem ei gruppe tyske soldatar til dalen, som vert delvis isolert av snø om vinteren. Forfattaren diktar opp ein tysk okkupasjon, delvis basert på planar om britisk motstandsarbeid.

Boka er til tider spennande, men til andre tider noko omstendeleg og nesten kjedeleg. Opplesinga av den flotte walisiske stamtavla til ein hest er ikkje akkurat underhaldande, og det verkar temmeleg spesielt i ei lydbok å ta med noko slikt. Opplesinga er òg noko monoton, så eg måtte fleire gonger spole attende fordi eg begynte å tenkje på noko anna undervegs. Det ser eg på som eit svært dårleg teikn.

1 kommentar:

  1. Dnne boka høyrest litt un delig ut. Sjølv les eg lite for tida, men når eg les , les eg "Gutten som hadde svar på alt" for andre gong (Slumdog ...)

    SvarSlett