tirsdag 23. august 2011

Få meg på, for faen!

Boka med same tittel inneheld fleire parallelle historier, og tittelen viser til ei sann historie om ein overivrig reportar. Mykje av tematikken i boka omhandla mediaverda og ønsket om å verte berømt. Filmen har plukka ut historia om den sex-fikserte ungjenta Alma, som fantaserer fram spenning i livet sitt. Ho bur i "Skuggeheimen", ein vestnorsk utkant som ho knapt kan vente på å kome seg vekk frå.

Kritikarane har ikkje vore samde om kor vidt filmen er god eller ikkje, men dei to jobbvenninnene mine og eg lo godt og syntest den var godt laga, med sjarmerande skodespelarar. Henriette Steenstrup gjer ein god figur som mora til ungjenta, og ho meistrar dialekten godt. Helene Bergsholm spelar svært godt og overtydande, synest eg. Her er både truskuldig humor og småpinlege, komiske scener. Eg trur ikkje eg vil vise den i eit klasserom, for å seie det slik, men det er absolutt ein film folk bør sjå.

3 kommentarer:

  1. Ettersom eg har lese boka, har eg tenkt at dette ikkje er noko for Seniorkinoen. Elles vil eg berre minne om at eg "kjenner" forfattaren Olaug Nilsen,har veksla mail med henne. Men mor hennar,Jorunn, hadde eg som elev det året eg jobba på Karstad skule i Solheimsdalen, der ho framleis bur. Olaug Nilsen har altså vakse opp i den dalen der eg budde frå 1959-60.Den gongen var det som å komme 100 år bakover i tida -utan elektrisk lys osv. Og folk som meinte at det var synd å spele kort og lese ukeblad.Eg kjende også besteforeldra til O.N.

    SvarSlett
  2. Denne filmen så jeg på kino sammen med noen venninner. Vi var de eldste i kinosalen med våre 28 år, egentlig litt synd for filmen er nok for mange fler enn bare den yngste ungdommen.

    SvarSlett
  3. Ja, eg er 43, og der var mange elevar i salen. Få av dei hadde nok lese romanen, og lurte sikkert fælt på kva vi gamle damene gjorde i kinosalen...

    SvarSlett