søndag 21. august 2011

Søndagstur til Grytingane/Lisje Blåfjellet (840 moh)





Turen i dag var arrangert som eitt av "ti turmål" i Volda kommune. Det er berre andre gong i historia vi pitlar oss av garde på ein slik arrangert tur, men det er ein hyggeleg måte å vere sikra turfølgje på. Vêret var fint då vi for heimanfrå, men etter kvart vart det både regn og vind. Vi gjekk opp frå Litlebøvatnet, som er den lettaste vegen. Mange kom frå Folkestad òg, og vi møttest på toppen. Der vart lagt ned roser på varden som minnemarkering i høve Utøyamassakren.

Det vert sagt at vi var 88 på toppen i dag

2 kommentarer:

  1. Ein fin gest med rosene på varden.Legg bildet på FB !

    SvarSlett
  2. Eg har lagt det ut, og fleire andre har lagt ut tilsvarande.

    SvarSlett