lørdag 3. september 2011

Ladies' night

Fredag kveld inviterte jobbvenninne K nokre av oss andre damene til ein kveld med nydeleg mat og hyggeleg prat. Tre av oss hadde i tillegg vore på café saman tidlegare på dag, noko som er ein fast tradisjon på fredagane etter jobb, så det vart ein svært sosial dag. Sidan K snart har bursdag, vart det noko "begavelse", og jubilanten utbraut at ho føler seg heldig som har venninner med så god smak. Eg heng meg på den tanken og seier at eg er heldig som har så interessante, morosame og oppegåande kollegaer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar