lørdag 3. september 2011

Memoirs of a Geisha

Sidan eg las og likte boka, kjøpte eg filmen òg. Den skuffa ikkje - sjølv om eg er glad for å ha lese boka først. Noko av handlinga er truleg litt innvikla viss ein ikkje har lese boka, men filmen gir òg fleire bilete av landet som ikkje eg hadde fantasi til å tenkje meg. Eg vurderer sterkt å bruke filmen i undervisninga i nær framtid, kanskje i faget internasjonal engelsk.

Geisha-tradisjonen er så vidt eg veit særmerkt for japansk kultur, og den kan karakteriserast som ein mellomting mellom underhaldning og luksusprostitusjon. Filmen gir eit innblikk i korleis den andre verdskrigen førte med seg samfunnsendringar som gjekk ut over slike kulturelle element. Det er ein nydeleg film, nesten utan nakenscener - truleg for å understreke at geisha-tradisjonen er knytt til langt meir enn seksualitet.  

5 kommentarer:

  1. Det er noko kjent med boka og filmen, eg vert usikker på om eg har sett den eller berre lese mange omtalar. Kor ny er filmen?

    SvarSlett
  2. Eg har verken lese eller sett, men kjenner tittelen.Var det lydbok du las, eller?

    SvarSlett
  3. Nei, eg las den på engelsk, på stranda i Tyrkia. Boka vart att der. Men filmen har eg.

    SvarSlett
  4. Hm, 2005, då ser eg ikkje vekk frå at eg har sett filmen.

    SvarSlett