tirsdag 13. september 2011

Rett i koppen, varm i kroppen

I dag droppa eg tysdagstreninga. Kva er vitsen med å trene når ein ikkje har skritt-teljar? I staden tok eg ei tidlegare ferje og henta ein dryppande våt Minstemann på SFO. Barneflokken hadde vore ute og gått tur og blitt overraska av regnet, så eg kom verkeleg til eit ideelt tidspunkt (altså rett før damene på SFO oppdaga at Minstemann ikkje hadde tørt skift liggande i hylla si...) Vi skunda oss heim, og der fekk han skifta til fleece-settet eg kjøpte billeg på coop-tilbod for eit par veker sidan, og som eg seinare har angra på at eg ikkje kjøpte fleire av. Tanken var at han skulle bruke det til pysjamas, men det er like fint som kosedress. Og i dag var det kosetysdag.

På menyen stod som vanleg rett-i-koppen-suppe. Eg hadde kjøpt med nokre posar i tilfelle vi var lens, så han hadde mange posar å velje mellom. Etter middag kvilte vi oss (jada, vi sov litt òg), drakk varm sjokomjølk og såg teiknefilm/las i bok. Akkurat no les eg nyheiter på internett medan poden ser meir teiknefilm. Vi brenn stearinlys, vaskar klede og bakar. Det er godt mogleg å kose seg inne når det regnar ute. Så får vi heller skru opp aktivitetsnivået ein annan dag, når eg har fått tak i ny teljar...

PS: vi gjekk faktisk ein lang tur med hundane etter valet i går kveld, så det er ikkje heilt slutt på mosjoneringa. Eg hadde ikkje med kamera, så det vart ikkje blogga om, sjølv om det var ein nydeleg hausttur i skogsvegen, opp Trollskogen og nedatt vegen, for dei som er lokalkjende. Truleg meir enn 6000 skritt...

2 kommentarer:

  1. Eg gjekk herleg tur opp til linja med Helly Hansenregnkle og støvlar.15 000 i dag! Ein får finne ein balanse mellom kos og trim. Eg trur de har litt å gå på! Kos dykk!

    SvarSlett
  2. Klart vi har noko å gå på, men eg likar å vite KOR MYKJE!

    SvarSlett