torsdag 8. desember 2011

8. desember: om bunkar og pakkar

I dag oppdaga eg at den første tentamensbunken, som eg fekk retta ferdig i går kveld, lukta røykelse. Det seier sitt om julestemninga her i heimen.

Planen i dag var eigentleg å fare på shopping og TRENing, men eg droppa det og gjekk meg i staden ein tur ut etter at eg hadde kome heim. Ein må nytte (og nyte) dei fine kveldane ein får på denne årstida, og i dag var det om lag null grader og vindstille ute.

Vel heime att kom eg meg nesten til botnen av bunke nummer to i advent. Dessutan fekk eg pakka inn nokre gåver eg har kjøpt innimellom slaga. Det er hardt med kveldsarbeid etter ein normal arbeidsdag, men innspurten no kan føre til ein velfortent juleferie utan retting.

1 kommentar:

  1. I morgon skal eg og få opp farten! Eg tenkte å kjøpe litt her i bygda i staden for i kjedebutikkar.

    SvarSlett