fredag 30. desember 2011

Bok 89 2011: "Alene mot ondskapen" av Jack Cavanaugh

Eg lånte ein trilogi på biblioteket før jul - mest fordi eg såg hakekorset på omslaget. Ei skumlesing av vaskelappen sa meg at det heile handla om tysk motstand mot nazismen, og det høyrdest interessant ut.

Opplesaren brukte ei æve på å fortelje om boka og forlaget, mykje fordi han las ufatteleg sakte. At lydbokforlaget "KABB" stod for "Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte" gjorde meg etter kvart rimeleg skeptisk. Opplesaren las ikkje berre sakte, men med ein pussig setningsmelodi som verka forstyrrande på lesinga.

Ein ven seg til det meste, og etter ei stund irriterte eg meg mindre og konsentrerte meg meir om sjølve boka. Det er ei spennande, litt sentimental historie om ein prest som vil arbeide mot grusomheitene til nazistane, og som dermed set sitt eige og andre sine liv i stor fare.

Boka har noko stereotypiske karakterar og klisjéfylt handling, men det er ikkje så gale som eg først frykta. Kristen litteratur er ikkje ein sjanger eg kjenner til anna enn frå barndomen, og eg har truleg fleire fordomar enn naudsynt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar