fredag 23. desember 2011

Bok 88 2011: "Vann til elefantene" av Sara Gruen

Dette er ein artig roman, fylt av romantikk og spenning. Ein mann på 90 eller 93 (han er ikkje heilt sikker) ser attende på ein periode i livet då han som ung veterinærstudent vert med eit omreisande sirkus. Vi får eit innblikk i denne eksotiske verda, der intrigar og dramatikk står sentralt. Forfattaren har lese seg opp på historia til togsirkusa i USA på 1920- og 30-talet, og mykje av dramatikken i romanen er basert på verkelege hendingar. Boka er underhaldande lesing, og eg ser no fram til å få sjå filmatiseringa.

1 kommentar:

  1. Dette er ei av dei bøkene eg skal lese ein gong til. Og sjå filmen.

    SvarSlett