fredag 30. desember 2011

Bok 90 2011: "Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede" av Jan Wiese

Årets siste fullførte leseprosjekt var denne vesle boka av Jan Wiese. Den kom først ut i 1990, og etter mi meining har den noko typisk 90-tals over seg. Fleire historier vert fletta saman, mykje fordi ein i rammeforteljinga møter ein bibliotekar som les gamle skrifter frå Vatikanet, og fordi desse skriftene vert vevde inn i kvarandre. Det er til dels svært gripande historier, og dei minner meg både om asiatisk og latin-amerikansk litteratur eg har lese tidlegare.

Eg likte boka godt, men vart freista til å lese den ein gong til. Det plar vere eit kvalitetsteikn, men det kan òg bety at eg trur eg har gått glipp av noko undervegs.

1 kommentar:

  1. Det er mange år sidan eg las denne boka,så eg hugsar ikkje mykje av den. Men eg hugsar den fekk god kritikk.

    SvarSlett