søndag 4. mars 2012

Bacalao og blautkake

Av og til må ein få unna arbeid på søndagar - anten det er skulearbeid eller anna. Barnefaren og småungane brukte mykje av dagen til å rydde opp etter orkanen Dagmar, medan eg flytta rundt på sekkar og kasser, vaska hus og rydda ting på plass i skuffer og skap.


Barnefaren hadde laga deilig bacalao til middag - det var eg som sette han på idéen då eg hadde lyst å lage bacalao, men ikkje hadde kjøkenvifte. Vi likar godt å ete salat og brød til.


Dagens vesle irritasjonsmoment var då eg skulle lage til ei blautkake. Eg hadde kjøpt ein ferdig botn og fylte den med frukt (kiwi og banan) og vaniljekrem. Då eg skulle til å piske fløyte til å ha på toppen, viste det seg at fløyten var sur - heile tre (3) dagar før stemplingsdato! Heldigvis skulle eg hente Eldstejenta på kaia, så ho kjøpte med seg ein ny fløytepakke frå ein bensinstasjon i tettbygde strok. Slik gjekk det til at ho fekk pynte kaka. Eg hadde falle for freistinga og kjøpt jordbær, og dei eigna seg godt til å pynte med. Mi erfaring er at ei kake vert meir populær dersom ein pyntar med jordbær - uansett om det er sjokoladekake eller kremkake.

Nokre av oss gjekk tur med hundane mellom måltida, og dermed gjekk det med mykje kake etterpå. Den smakte fortreffeleg, trass i at eg altså brukte ein billeg ferdigbotn (13 kroner). Kven gidd å bake når det enkle ofte er like bra - og billegare?

5 kommentarer:

  1. Eg synest det er rart at fløyten var sur. Det har eg ikkje vore ute for. Hadde det vore om sommaren ... Det er greitt med lettvinte løysingar innimellom. Ein fortener noko godt når ein jobbar hardt!

    SvarSlett
  2. Eg har aldri vore ute for liknande - den var skikkeleg ekkel og hadde skilt seg. Varene hadde lege i bilen eit par timar, men det burde ha gått bra. I følgje Eldstejenta kan varer vere feilmerka, men eg synest det er rart.

    SvarSlett
  3. Mi erfaring er at fløyte held seg god lenge over stemplingsdato. Lenge sidan eg har kjøpt botn til bløtkake, men det tek berre 5 min. å lage+ 1 time å steike,så det gjer eg lett. Dei botnane vi fekk kjøpt før i verda var ikkje særlig gode, men det kan ha kome seg. Fløyten skulle du ha klaga på, reint prinsippielt.

    SvarSlett
  4. Det mest irriterande med fløyten var at eg fylte kaka ferdig med vaniljekrem, slik at eg sat med ei halvferdig kake. Noko anna irriterande var at eg brått oppdaga at eg ikkje har boksopnar. Eg hadde tenkt å bruke ein boks ananas som fyll, men det måtte eg gi opp.

    SvarSlett
  5. Eg lagar kakebotnen sjølv, men forstår at det er greitt med lettvintløysingar iblant! Sist eg laga Tiramisu, som kake, og skulle lage sukkerbrød, blei det heilt mislukka sånn utsjånadsmessig. Då brukte eg min nye Kenwood som eg fekk til jul pluss min nye komfyr... Kan nokon forklare at nett dette sukkerbrødet skulle flate ut på midten, noko eg elles aldri opplever med mi idiotsikre oppskrift?
    Sur fløyte har eg ikkje opplevd, heldigvis, guri kor frustrerande!

    SvarSlett