tirsdag 6. mars 2012

Bok 14 2012: "Himmelstormeren" av Cecilie Enger

Ellisif Rannveig Wessel var ei overklassejente som gifta seg med ein lege og flytta til Kirkenes. Etter å ha opplevd fattigdom på nært hald vert ho ein glødande sosialist, noko ho gir uttrykk for i skrift, fotografering og anna politisk retta handling. Aktivitetane fører til mykje motgang, særleg blant andre overklassekvinner.

Cecilie Enger har skrive ein roman om denne spennande kvinna. Romanen er interessant på grunn av temaet, men elles er det vanskeleg å sjå kor stor litterær verdi den har. Noko av grunnen til dette er at forfattaren sjølv har lese inn lydboka. Ikkje alle forfattarar er like gode opplesarar, dessverre. Likevel må det seiast at Enger har gjort ein flott innsats for å løfte fram denne pionéren av ei kvinne.

3 kommentarer:

  1. Eg las om denne kvinna i eit blad for ei stund sidan, utruleg historie. Er det biografi?

    SvarSlett
  2. Eg har lese denne boka også, men det er ei god stund sidan. Det litterære kan eg ikkje uttale meg om så lenge etterpå, men det er alltid interessant å lese om menneske som brenn for ei sak, og går utanfor allfarveg.

    SvarSlett
  3. Elin: boka vert kalla roman i undertittelen, så eg reknar med det er dikting basert på fakta - ein populær sjanger dei siste åra.
    Besta: eg synest det er vanskeleg å skilje mellom litterær og historisk verdi i denne boka. Historia er i alle fall interessant og engasjerande, men som roman vart den litt langdryg mot slutten.

    SvarSlett