mandag 19. mars 2012

Bok 16 2012: "Det røde huset i skogen" av Arne Garvang

Forfattaren er truleg betre kjend som "Pelle Parafin", og han les lydboka sjølv. Den er med i serien "Svart Lesehest", som er skumle historier for born i 5. - 7. klasse. Eg høyrde boka saman med mine to yngste, som går i 3. og 6. klasse, og den var passeleg skummel for dei.

Hanne flyttar motvilleg til eit gammalt hus langt ute på landet saman med foreldra sine. Skumle ting skjer - nokre av dei har ei naturleg, truskuldig forklaring slik vi forventar i ei krimbok for born, men andre ting er minst like fæle som frykta. Noko får vi ikkje forklaring på i det heile, og dette er noko som irriterer meg. Sjangerkravet til krim, anten det er for born eller vaksne, er at vi får forklaring på alt. Eg er noko gammaldags på den måten.

2 kommentarer:

  1. Eg har alltid likt litt skumle bøker, og gjer det enno. No har eg begynt på ei slik bok som eg eigentlig synest er litt lavmål-men litt kjekk likevel. Du har lese "Arven"-dette er ei bok av samme forfattar og i same sjanger. Litt herlig avslapping m.a.o."Det du ikke ser"-heiter boka.

    SvarSlett
  2. Eg likar òg skumle bøker, og las Agatha Christie frå eg var ti, men eg likar ikkje spøkjelse, aliens, vampyrar etc når eg forventar meir "realistiske" løysingar.

    SvarSlett