torsdag 15. mars 2012

Please don't let me be misunderstood

Tysdag trena eg saman med Eldstejenta etter jobb, før eg henta Minstemann på SFO. Vel heime laga eg mat til oss, rydda opp og begynte på dagens dont  del 2. I løpet av kvelden fekk eg sortert, kassert og plassert tre sekkar og ei kasse fulle av diverse ting og tang - ikkje minst tok det tid å få gått gjennom ein meterhøg papirbunke med alt frå reklame til brev frå offentlege kontor. Då det leid mot leggetid, laga eg meir mat, følgde Minstemann til senga og las ei bok til han før eg parkerte i godstolen.

Frionsdagen gjekk òg med til syslar av ulike slag. Minstemann og eg henta Kompisen på SFO, så gutane kosa seg med "frileik" både ute og inne. Sjølv retta eg stilar, vaska hus, laga middag, steikte vaflar og bretta klesvask.

Då eg kjørte Minstemann og Veslejenta på fotballtrening seint på ettermiddagen, spurte ho han om kva vi hadde gjort på på Kosetysdagen og Fri-onsdagen.

"Ho Mamma sitte no berre med facebook", kom det frå Poden.

3 kommentarer:

  1. Ja, det er frå sine eigne ein skal ha det, haha!

    SvarSlett
  2. Same skulle eg seie! Og tydeleg at han har hatt det kjekt!

    SvarSlett
  3. EI sak har ofte to sider-minst.

    SvarSlett