søndag 18. mars 2012

Times like these make me live again

Søndagen begynte relativt tidleg, i og med at Storegut skulle på temagudsteneste. Vi hine rusla etter - vi bur berre ti minutts spasertur frå kyrkja, og vêret var flott.

Gudstenesta vart noko utanom det vanlege. Ein tok i bruk nye "reglar" for tekstlesing, der presten gjekk ned i midtgangen for å lese blant menneska i kyrkjelyden. I tillegg hadde vi ikkje den vanlege organisten, men ein annan, og han hadde med ein trompetist. Dette gav ei spesiell stemning - ikkje minst då dei slo over til gladjazz i posteludiet. Konfirmantane deltok med dramatisering, dans og opplesing, og dei tre konfirmantane som er med i Lommerosk spelte og song ein nydeleg akustisk versjon av Foo Fighters' "Times like these". Instrumenta var kassegitar og eit lite sett med to trommer, og Storegut song utan mikrofon. Myrsnipa syntest sjølvsagt det innslaget var det absolutte høgdepunktet. Minstemann hadde meir sansen for kyrkjekaffien etterpå.

Før middag henta eg Eldstejenta, og det er berre så ufatteleg koseleg å ha alle fire samla. Eg hadde gjort meg ferdig med ein bunke, så vi brukte ettermiddagen til kos og prat. Ein liten tur til ballbingen vart det i dag òg, og vaflar til kvelds.

No har eg kjørt Eldstejenta på ferja, i eit frykteleg vêr med snø og vind.

2 kommentarer:

  1. Storegut er flink og modig. Skulle gjerne høyrt gutane. Kanskje dei skal spele på dåpsfesten?
    Elles så ser eg fram til at de får litt betre sofaplass.

    SvarSlett
  2. Jentene låg slik fordi dei hadde lyst, ikkje fordi dei måtte! Eg trur ikkje gutane skal spele i kyrkja på dåpssøndagen, men bandet skal sikkert spele på festen etterpå.

    SvarSlett