lørdag 3. mars 2012

UKM i Volda 2012

Det er bra typisk; i dag var det strålande vêr, og eg vakna med dundrande hovudverk. Og skulle på UKM. Det var berre å stålsette seg og knaske ein tablett, og så gjekk turen til tettbygde strok. I forbifarten kan eg nemne at eg fekk tre kvarter til overs, og då planla eg ein del når det gjeld den komande barnedåpen. Innkjøp vart det ikkje, men eg fekk nokre (gode?) idéar til pynt.

Eldstejenta og Venninna var først ute på scenen med ein sjølvkoreografert dans. Elles vart det mange band før pausen, og fleire av dei var flinke. Vi heiar sjølvsagt på Lommerosk, som er bandet der Storegut er vokalist/gitarist. Etter pausen kom fleire gode innslag med alt frå klassisk piano til jojo-triksing. Ungdomane er veldig flinke, så juryen får inga lett oppgåve. Personleg held eg som favorittar (utanom mine eigne myrsnipekyllingar) Pernille/Benjamin og vår lokale stjerne Jeki.

 Her er ein førehandsomtale om Eldstejenta og Venninna.
Og her er ein video av dansinga deira

Gratulerer med vel overstått til alle deltakarar og alle i publikum!

1 kommentar:

  1. Sidan Jeki skulle i elden etter pausen, hadde eg i grunnen lyst til å vere att. Den vesle jenta med den store stemmen har imponert meg sidan eg høyrde henne for første gong.

    SvarSlett