fredag 15. juni 2012

Bok 32 2012: "Øya under havet" av Isabel Allende

Allende er mest kjend for å skrive om Chile i sjangeren magisk realisme. I denne romanen har ho valt eit anna miljø, nemleg Haiti, i perioden omkring 1770 - 1810. Her er mange interessante personar, men hovudpersonen er slavekvinna Zarité. Ho har òg forteljarstemma i nokre delar av boka.

Tematikken kan seiast å vere slaveri og følgjer av det, og forfattaren fortel det meste frå eit kvinneperspektiv. Her er som sagt fleire interessante bipersonar, og saman gir dei liv til ein mørk historisk epoke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar