onsdag 13. juni 2012

Eksamensfri onsdag

Etter å ha sove i ti timar i strekk var det deilig å subbe rundt på fridagen og førebu ein stille og fredeleg morgon. Det gjekk bra ei stund, men så kom Veslejenta og sa "koffor han E e her?" Det viste seg at Storegut for ein gongs skuld hadde forsove seg på ein onsdag, og eg hadde ikkje vore i kjellaren og sjekka at han hadde kome seg av garde. Det vart ein liten bråstart på dagen likevel.

Elles steikte eg ein stor stabel vaflar, for vi fekk besøk av Kompisen til Minstemann, mora hans og fetteren. Det vart ei triveleg stund, med så mykje prat at eg vart litt låk i halsen etterpå.

I kveldinga skulle ungane på fotballtrening, og eg nytta høvet til å gå meg ein tur opp mot Folkestadsetra. Eg hadde ikkje tid til å gå heilt fram, trudde eg, men eg fekk meg ein fin tur og fekk sjå mange spor etter orkanen Dagmar, og etter bønder som ryddar opp etter henne.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar