lørdag 23. juni 2012

Bok 35 2012: "Gravlunden i Praha" av Umberto Eco

Handlinga i denne romanen er lagt til slutten av 1800-talet. Simone Simonini bestemmer seg for å skrive om sitt eige liv, etter å ha snakka med ein psykoanalytikar som heiter Froïde. Det som kjem ut er eit samansurium av hendingar og haldningar, sidan Simonini er antisemitt, der føregår svarte messer og her er ei viss forvirring om kven som er kven i periodar. Eg-personen sjølv er etter alt overmål usikker på kven han er.

Om eg likte boka? Tja... Den vart kanskje for komplisert som lydbok, og ville kanskje ha fungert betre som papirutgåve. I tillegg er den temmeleg dyster, og hovudpersonen er svært usympatisk. Dette gjer det heile til ei litt trasig leseoppleving, samtidig som ein ser at Eco seier mykje om korleis og kvifor Europas historie utvikla seg som den gjorde på 1900-talet, og kanskje òg om den europeiske identiteten i dag.

2 kommentarer:

  1. Eg hadde ei sterk kjensle av at eg hadde vore borti denne boka, men hugsa lite, så det måtte vere lenge sidan.... Leita gjennom alle åra-og til slutt såg eg gjennom 2012 også, for sikkerheits skuld. Det viste seg at det var den første boka eg las i inneverande år. Om du vil kan du sjekke bloggen min.

    SvarSlett
  2. Eg er, som vanleg, svært einig med det du skriv om boka!

    SvarSlett