torsdag 7. juni 2012

Onsdagstur til ?

Kva heiter denne staden, skal tru?



Og kva heiter planten, som det fanst mange av i området?

8 kommentarer:

  1. Den båten såg vi også i går,, vi såg den fleire gonger, sist frå ferjekaia på Solavågen. Då for han utover. Treet kan eg svare på. Det er ein asal, som får liknande bær som rognen. Dei flesta asal-tre her omkring er planta, men andre stader kan den vekse vilt. Der er planta asal ved yrkesskulen i Ø.

    SvarSlett
  2. No såg eg lenger nede på bloggen din at du har vore i Nordfjord. Eg har vore på Torheim berre ein gong, og eg kan ikkje finne ut kva stad vi ser på bildet, sjølv om eg konsulterer kartet.

    SvarSlett
  3. Båten går forbi Davik, og biletet er altså teke frå hi sida av Nordfjorden, på ein veg som går utanom ein tunnel. Heiter det Ervik der, kan hende? Eg tippa òg på asal, men var usikker. Derimot meiner eg å ha drege med meg heim ei bittelita eik. Eg vurderer å begynne å samle på tresortar, og har blinka meg ut nokre små poplar i nærområdet her.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då deler du hobby med ein her i huset!

      Slett
  4. Det er vel isane eller ålfoten? Sett frå hammeneset kanskje?

    SvarSlett
    Svar
    1. Reknar med du er lokalkjend? Eg trudde det var Davika.

      Slett
  5. Ja no forstår eg, ervik ligg rett utanfor kjølsdalen, der er ein lang tunell rett før, marta jenny bur der, oppi bakkane, dei har utsikt til davik, ja.

    SvarSlett
  6. Bileta er tekne frå vegen utanom den tunnelen.

    SvarSlett