mandag 6. august 2012

Gardinvanskar (eit særs trivielt innlegg)

Eg bestilte kjøkengardiner ferdigsydd i noko dei kalla "roll-up"-fasong. Då gardinene kom til gards, viste det seg at ingen hadde tenkt på at eg burde ha noko å stive dei av med nede slik at dei heng pent. I dag har eg vore på Jysk og kjøpt billege gardinstenger som eg putta inni. Det var ikkje heilt enkelt å rulle dei pent opp aleine, i tillegg til at eg skulle knyte sløyfer med banda som hang ned. Eg får heller ta det heile på nytt ein gong eg har eit par gode hjelparar. Litt betre vart det i alle fall.


Elles har dagen vore veldig triveleg, med shopping og cafédate med Kollegavenninne K (min faste stylist) etterfølgt av potetball til middag i Starevegen. Då eg kom heim vart det verken gått tur eller gjort noko anna ekstraordinært, bortsett frå at eg altså rulla opp to gardiner.

Viss nokon trur at skiftet i dagslys på dei to bileta frå kjøkenet seier noko om kor lenge eg dreiv og rulla, tek dei dessverre feil. Det seier mest om kor lang tid det tok frå eg tenkte at eg skulle gjere det, til eg faktisk gjorde det. Heldigvis vart det ikkje skifte i årstider òg...

4 kommentarer:

  1. Eg synest gardinene ser lysare ut enn egt hugsar dei. Er dei raude eller mørkeraude?

    SvarSlett
  2. Nei, dei er mørk cerise. Vanskeleg å få eit rett bilete av fargen, men eg skal legge inn eit nærbilete.

    SvarSlett
  3. Sånn nokolunde, i alle fall. Mønsteret minner litt om Marimakko, synest eg. Rosa er litt søtt, men mønsteret er meir moderne. Eg er svært nøgd sjølv, og det er det som tel mest!

    SvarSlett