fredag 30. november 2012

Tjuvstart på jula 2

I dag laga eg medisterkaker med diverse tilbehør til middag og dekte på ved spisebordet i stova. 

Ungane var travelt opptekne med å få opp utelys, noko som vart ein liten nedtur då lysa i bjørka plutseleg ikkje ville lyse. Storegut hadde nemleg gjort ein viss innsats før han kom så langt.

Plast-granbar-girlanderen har vi fått opp, men der var ikkje nok, så vi bør investere i eit par pakkar til. Og nye lys til bjørka, sjølvsagt.


Den andre nedturen var då vi skulle bake julemenn, og Eldstejenta brått spurde om vi har former. Det viste seg at vi har EI form. Den er forma som ein liten katt, og veldig fin, men vi skulle gjerne hatt nokre store gris-, hjarte-, mann- og koneformer òg.

3 kommentarer:

  1. Kor dumt at de ikkje har fått dei store ,gode formene mine !

    SvarSlett
  2. Eg synest det er så kjekt at de pyntar så fint. Eg har lyst å pynte sjølv,eg, men får ikkje far din med på det.Og der du bur, trengst det noko som lyser opp. Tenkjer dei kosar seg i Mjeltvika no.

    SvarSlett
  3. Trur vi må gå tur dit i morgon :)

    SvarSlett