onsdag 12. desember 2012

12. desember: juleverkstad og kakebakst

Eg vart vekt litt seint ut på morgonen i dag av ein mann frå Tussa som skulle parkere i oppkjørsla mi og som lurte på om det var greitt. La oss håpe han trur eg hadde hatt nattevakt og derfor måtte sove på dagtid!

Småungane og eg kosa oss i heimen med å lage kalenderting (dei) og gjere litt husarbeid (eg). Seinare vart det henting av Storegut, middagslaging og køyring av dei to små til fotballtrening og bading. Sjølv nytta eg høvet til å gå meg ein lang tur i vinterkvelden.

I bloggande stund har eg fått i hus dei to små att, og alle fire undersåttane er i full gang med å kjevle og stikke ut "julemannar" av ein deig eg laga i føremiddag. Eg får i oppgåve å setje på julemusikk. Stemninga er på topp enno - det går vel over medan deigen minkar.

2 kommentarer:

  1. Her var det berre ei som bakte medan brørne berre snappa til seg ...

    SvarSlett
  2. Det var jentene som heldt ut lengst her. Minstemann ville berre lage grisar, i alle moglege variantar. Mange blei sensurerte før steiking.

    SvarSlett