lørdag 15. desember 2012

15. desember: juleverkstad og besøk

Kvart år arrangerer kyrkja juleverkstad for borna. Kvar familie betaler ein sum, og så får ungane delta i diverse aktivitetar og lage gåver, julekort eller bake Lussekattar. Eg hadde eigentleg tenkt å vere til stades og ha ei hyggeleg stund med ungane mine, men dei jaga meg derifrå, så det vart ein lang gåtur i staden.

Etter at juleverkstaden var slutt, for Minstemann på besøk til ein kompis. Veslejenta og eg køyrde han dit, og då fekk vi kome inn og sjå hunden som var på besøk hos dei. Veslejenta og eg drøymer om å kjøpe oss ein hund, og rasen vi er mest interesserte i, er Shetland Sheepdog. Det er ein liten, kvikk hunderase, og den vi møtte i dag var aldeles nydeleg.

4 kommentarer:

  1. Trudde du hadde to hundar? For eit kjekt initiativ av kyrkja! No veit eg heilt sikker kvar du bur, vi var i Ålesund sist helg, og då merka eg meg den vesle grana ved vegen, med lys i! Du som har studert norsk, betyr ordet nødvendig å vende nød?

    SvarSlett
  2. Jauda, eg HADDE to hundar, men eg fekk dei ikkje med meg då eg måtte reise. Kjekt du har sett huset - neste gong treng du ikkje køyre forbi! Å vende nød ville vel ha blitt "nødvending"? Eller?

    SvarSlett
  3. Då forstår eg at du har lyst på ein ny!

    SvarSlett
  4. No i kveldinga skulle vi hente Minstemann hos kompisen, og enda opp med å gå ein lang tur med denne hunden. Det er så kjekt å gå tur med hund, eg saknar det så frykteleg.

    SvarSlett