tirsdag 18. desember 2012

18. desember: innkjøp av julemat (første del)

Er det noko som gjer meg stressa og sliten, så er det matinnkjøp. Eg synest det er vanskeleg å halde hovudet klart og få opp i korga alt som trengst, vite kva mengder som går med og å laste varene inn i bilen, ut av bilen og inn i skap og boder. Tungt er det òg.

I dag har eg handla inn til julemiddagen, kjøpt store mengder drikke av ymse slag og handla ein del julesnop. Neste storhandel skal dreie seg om pålegg, mjølkeprodukt og bakeutstyr for brødbakst, i tillegg til nokre ekstra middagsingrediensar til romjula.

I fjor handla eg inn svært lite til jul, sidan sjølve feiringa ikkje skulle vere i min heim. Dette var eg letta over då orkanen Dagmar førte til fleire døgn utan straum. La oss håpe at jula i år vert fredeleg på alle måtar, slik at vi kan halde oss varme, kose oss med tv-program og ete store mengder julerelatert mat!

7 kommentarer:

  1. Når det gjeld matinnkjøp er det lurt med lister, tenkje gjennom kva ein treng til kvart måltid etc.(Og ikkje legge lista att heime, slik eg ofte plar gjere) Ikkje for å skræme deg, men det er spådd storm rundt den 28.desember, så kanskje ein ikkje bør kjøpe inn altfor mykje.Eg har stor tru på at det blir ei fredelig jul.

    SvarSlett
  2. I år har eg ved og vatn viss det vert storm, og ein skikkeleg frysar. Eit par middagar må eg vel ha på lur, elles får eg handle i romjula. Kjenner eg oss rett, får vi plutseleg lyst på pizza eller taco midt i jula.

    SvarSlett
  3. Spådd er ikkje lik meldt!

    Eg handlar alltid inn rikeleg, ikkje for mykje, for eg kastar ikkje noko. Men vi har mat til langt ut i januar. Kunsten er å ikkje mangle vare som kaffifilter og fyrstikke, slikt ein kjøper sjeldan, og som det er irriterande å stå utan.

    I romjula må ein legge inn enkel mat som fiskebollar for å få lyst på pålegg eller kaker. ;-)

    SvarSlett
  4. "Pastalaks" er ein sikker vinnar. Godt og enkelt. Med den nye panna mi kan eg sikkert finne på å slå til med fiskebollar òg.

    SvarSlett
  5. Det vi mangla i fjor då lyset forsvann var batteri til radioen. Det har vi no. Stearinlys og fyrstikker er sjølvsagt eit must.

    SvarSlett
  6. Vi skal klare oss godt med ved, vatn og stearinlys.

    SvarSlett