søndag 2. desember 2012

2. desember: julegrantenning



Etter ein sløv føremiddag gjekk vi ned til grendahuset, der korpset spelte julesongar og eit tre vart tent ute. Elles var det flott servering av brennsnut, pølser med brød, kaker, kaffi og gløgg, og det vart sjølvsagt selt lodd. Vi vann ingenting, men det var greitt, sidan vi som nemnt gjekk ned og dermed måtte gå heim òg. Like greitt å berre ha ein trombone og eit kamera å bere på!


Veslejenta og Barnefaren skulle vidare til ei julegrantenning til, men gutane og eg tenner lys og bygger kalenderfigur i heimen.

2 kommentarer:

  1. Den adventskalenderen må vi få ei forklaring på!Eg reknar med der er noko gjenbruk inne i bildet!?

    SvarSlett
  2. Det er Redd Barna-kalender frå Princess: bygg ein ny figur kvar dag. Morosam førjulsaktivitet!

    SvarSlett