lørdag 8. desember 2012

8. desember: utelys av ymse slag

Det finst mange hus som er nydeleg pynta med lys for tida. Andre hus er totalt overlesste, i ekte amerikansk stil. Personleg er eg glad i utelys, og eg har hatt mykje arbeid med å få til gards passande mengd. I førre veke hengde vi opp plast-granbar med lys i, men hadde ikkje nok til heile rekkverket på verandaen. Då eg skulle kjøpe meir, var det typisk nok utselt. Valet fall då på nokre lys til å ha i den vesle grana nede ved hovudvegen, og på nokre farga lys som eigentleg skulle henge i bjørka, men som no har hamna under overbygget på verandaen. Dei er i fire fargar, og heimen ber preg av tivolistemning, men mitt motto er at "jula er ei harry høgtid". Kva tid elles er det ok å pynte med nissar, mus og englar side om side? Vi treng litt lys og moro i mørketida.

6 kommentarer:

  1. Der er vi heilt på linje med deg! Eg har alltid sagt at hadde vi sett julepynten om sommaren, hadde vi grøssa. No kan ein sjølvsagt kaste alt gammalt skrot og pynte stilig-men er det det vi vil?
    Vi skal finne fram juletrepynt og ta med oss på mandag, så kan du bruke det du vil.
    Det er litt spesielt der du bur, du er vel nesten åleine om å lyse opp?.

    SvarSlett
  2. Ja, det at ein bur litt mørkt til er sjølvsagt eit godt påskot for å pynte med lys. Den grana nede ved vegen ser ut som eit perfekt juletre, og på ein måte er det freistande å ta den inn. Siste åra har eg ikkje brydd meg med å ha juletre, sidan eg ikkje skulle feire julaftan i heimen. Med eigen heim blir alt annleis!

    SvarSlett
  3. Eg kjem aldre i lenger ute enn til å pynte med granbar og lykter med stearinlys i ...

    SvarSlett
  4. Og DET har eg gløymt. Hadde tenkt på ein pyntekrans på døra og ei lykt ved sida av den same døra, men hovudet er ikkje rett skrudd på for tida, er eg redd.

    SvarSlett
  5. Det finst kransar med lys på Clas. I plast.

    SvarSlett
  6. Der finst tromlar med lys på Europris, såg det litt for seint.

    SvarSlett