søndag 2. desember 2012

Høgtlesing av "Snødronningen"

Siste kveldane har eg lese "Snødronningen" på senga til dei to yngste. Og til katten LOL(a). Vi førebur oss til ballettshowet neste helg, og eventyret er både langt og komplisert. Minstemann har somna relativt kjapt, noko eg fryktar kjem til å skje på ballettshowet òg, men Veslejenta og LOL(a) har lytta ivrig.

Tidlegare omsette eg alltid til dialekt på direkten medan eg las til borna, men no har eg gått over til å lese språket slik det står der, og heller forklart vanskelege ord. Som ekte lærarborn plar dei rette opp handa dersom det er noko dei ikkje skjønar i teksten.

2 kommentarer:

  1. Eg har simultanomsett nesten alle bøker eg har lese høgt i alle år eg var i skulen. Men eg er heilt enig i at ein bør lese bøkene på det rette språket etter kvart. Berre slik lærer dei å vurdere og sette pris på godt språk.

    SvarSlett
  2. Nettopp. Tanken slo meg då eg i ein periode las mange nynorske bøker til dei, at dei òg må få lære bokmål gjennom høgtlesing.

    SvarSlett