lørdag 2. februar 2013

Bok 6 2013: "Armenia, Albania, Argentina" av Rønnaug Kleiva

Eg har stor sans for forfattaren Rønnaug Kleiva, som har ein særeigen skrivestil som er vanskeleg å skildre. Språket hennar er enkelt og korthogge, og ho skriv tekstar som kan vere både morbide, ironiske og gripande. Mest av alt set eg pris på det eg ser som ein totalt fråverande sentimentalitet, trass i at temaa ho skriv om kan vere kjensleladde nok.

(Eg må dessutan i parentes få lov å nemne at ho ein gong på tampen av 70-talet var læraren min i musikk og kroppsøving, og at mi første lærargjerning var å vikariere for henne ti år seinare)

Den romanen eg no har lese, handlar på overflata om ei kvinne ("Rønnaug") som reiser til ulike stader utanfor allfarveg. På reisene møter ho nye menneske og gamle kjenningar, og boka skildrar ofte korte samtalar med menneska rundt henne, i tillegg til å fortelje om små og store hendingar på reisa. Innimellom nemner ho foreldra og borna sine, og ein får ei stadig sterkare kjensle av at ho blir eldre.

No skal eg ikkje gi meg ut på ei djuptgåande tolking av romanen, men slik eg les den, er reisene ein metafor for livet. Samtidig kan reisetrangen sjåast som ei rastløyse som botnar i at ho enno ikkje veit kven ho er, kvar ho skal og kva ho skal gjere. Konklusjonen hennar er, slik eg les boka, at det er ikkje så nøye heller, fordi reisa i seg sjølv er målet.

Eg kan love dykk alle at boka til Rønnaug Kleiva er langt mindre klisjéfylt enn dette blogginnlegget.

1 kommentar:

  1. Di bokmelding var i alle fall mykje betre enn mi. Sidan er kjenner/ kjende Rønnaug så godt, er det vanskelig å sjå teksten på ei objektiv måte. Og så kjenner eg att mykje som ho har fortalt, og som eg hugsar har hendt.

    SvarSlett