fredag 8. februar 2013

Kos på forskott



På søndag er det morsdag. Og fastelavn. Og ikkje minst: korpsbasar. Eg er sjølvsagt livredd for å gå glipp av årets fastelavnbollar med krem og jordbærsyltetøy, som er ein av mine mange favorittar i matvegen, så derfor har eg i bloggande stund sett ein deig til heving. I dag blir det krembollar til kvelds.

Då eg henta Eldstejenta på kaia i ettermiddag, hadde ho med ein nydeleg bukett, eit kort og ein presang. Dermed feirar vi like godt morsdag òg på forskott.

Presangen var ein nydeleg ring. Den skal eg gå med kvar dag, og eg kjem til å tenkje på henne kvar gong eg ser på den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar