mandag 4. februar 2013

Bok 7 2013: "Kunsten å inhalera" av Ingelin Røssland

Røssland kjem på forfattarbesøk på jobben min komande onsdag, og eg har lese denne romanen for å bu meg (og eit par av ungane) på korleis ho skriv. Det finst eit utdrag frå romanen i norskboka til den klassen eg skal ha med meg for å høyre henne snakke, og eg har fleire gonger lese det utdraget som ei slags novelle. Eg sette likevel stor pris på å lese heile boka.

Hovudpersonen i boka er Anette, som er nesten 16 år. Ho ventar på at noko spennande skal skje i livet, og vi fyl henne i nokre forsøk på å vere tøffare enn ho er. Kven har ikkje prøvd å skifte image for å få litt meir "action" i livet? Eg kjende meg godt att i mykje av det Anette grublar på, trass i at det er lenge sidan eg var 16. No står det att å sjå om elevane kan relatere seg til boka. Eg fryktar at mange av dei vil sakne ein meir dramatisk slutt eller meir spennande handling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar