mandag 29. april 2013

Bok 28 2013: "De dødsdømte" av Asbjørn Jaklin

Eg har ein tendens til å kaste meg over bøker frå andre verdskrig, og eg finn stadig nye vinklingar som er brukte. Denne gongen er det ei dokumentarbok, og desse er sjølvsagt mest interessante når det gjeld historiske hendingar. Forfattaren er redaktør i avisa Nordlys, og det er så langt eg har funne ut den tredje boka han skriv om andre verdskrig. I tillegg har han skrive fleire andre historiske verk.

Boka har undertittelen "25 menn, 25 henrettelser, ett oppgjør", og oppgjeret det er tale om er rettssakene mot norske nazistar, torturistar og andre som vart dømde til døden og avretta etter mai 1945. Av dei mest kjende er sjølvsagt Henry Oliver Rinnan og Vidkun Quisling, men her er òg med namn som eg ikkje var så kjend med. Forfattaren går nøye inn på torturmetodar som vart nytta, men han har òg teke med brev frå Quisling til kona Maria, og brev frå andre som søkte om nåde for familiemedlemer. Mot slutten drøftar forfattaren dessutan kvifor så mange av dei dødsdømde vart avretta samanlikna med andre land. Ein les då mellom linjene at dei siste vart avretta nesten berre av prinsipp eller ei kjensle av rettferd, for dødsstraff vart sett på som stadig meir problematisk eit par, tre år etter at krigen var over.

Eg er alltid på vakt når eg les dokumentarstoff, for det skal godt gjerast å skrive det spennande og levandegjort utan å verte sentimental eller fordømmande. Denne boka balanserer godt, synest eg, og eg synest eg har lært mykje ikkje berre om dei faktiske hendingane, men òg om kvifor og korleis nordmenn ikkje berre valde den feil sida under okkupasjonen, men òg vart med på grusomme handlingar mot eigne landsmenn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar