fredag 12. april 2013

Kurs i Oslo

Dei siste to dagane har eg vore i hovudstaden saman med ei kollegavenninne. Vi hadde ei interessant og lærerik byvandring onsdag, då vi begge manglar stad- og retningssans, og i dag deltok vi på eit norskkurs der vi mellom anna fekk høyre Helga Flatland og Frode Grytten snakke om litteratur. Eit anna emne som var teke opp, var undom og sosiale media. Eg har fått mykje å tenkje på, og det tek truleg noko tid å fordøye alle inntrykka. Fagleg påfyll er som regel kjærkome!


2 kommentarer:

  1. Det høyrest interessant og kjekt ut! Eg liker å få både fagleg og filosofisk påfyll!

    SvarSlett
  2. Eg har allereie plaga elevane med nokre av filosoferingane mine. Som til dømes ei mogleg modernisering av Camilla Collett, der Jomfru Møllerups historie kan samanliknast med å få lagt ut privat informasjon på facebook. Sånn går no dagane.

    SvarSlett