torsdag 25. april 2013

Statusoppdateringa eg aldri fekk skrive: "Manglar internett i heimen"

Tysdag kom eg att frå jobb og oppdaga til mi store fortviling at eg mangla internett i heimen. Panikken seig på, og eg merka fort abstinensen etter å oppdatere facebookstatus, sjekke mail, google noko eg lurte på m.m.

Fri-onsdagen utan internett starta litt stusseleg, men eg roa meg ned og retta unna ein halv stilbunke slik planen var. Deretter hadde eg ikkje mindre enn tre møte å gå på, så tida gjekk eigentleg fort.

Møta var foreldresamtalar for dei tre yngste, og det var sett av ein halv time til kvar, med ein halv times pause innimellom. Ei eg møtte kom med kommentaren "det er ikkje berre å setje born til verda, dei skal følgjast opp òg" - eg valde å ta det med eit smil. Ungane mine gjer det stort sett godt på skulen, dei trivst og har vener, så det var eigentleg berre hyggeleg å gå på møte. Det er ikkje alle forunt å ha det så greitt på den fronten, og eg kjenner meg svært heldig som slepp å ha dei heilt store bekymringane.

No er eg attende på jobb, og her kosar eg meg med facebook, sjekkar mail, skriv ut stilar og bloggar, som de ser. Eg har dessutan teke kontakt for å få fiksa nett-tilgangen i heimen, så no håpar eg det blir i orden før helga. Viss ikkje, får eg truleg retta ferdig bunkane mine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar