lørdag 20. juli 2013

Malakoff rockefestival

Fredag var heile familien på Malakoff rockefestival på Nordfjordeid. Storegut reiste på eiga hand med bandet, som skulle opptre på konsert på dagtid. Det gjorde dei med stor entusiasme og talent, i alle fall i følgje foreldre-fanklubben. Bandet fekk billettar til heile helga, og dei ligg dessutan i telt på området. Akkurat det freista ikkje resten av oss, men Veslejenta fekk billett for heile helga. Resten av oss tok oss ein dag på festival og var nøgde med det.

Morten Abel imponerte stort med flott musikk og ein magisk scenesjarm. Sidan Minstemann er blodfan av Kaizers, ville han stå langt framme under konserten deira, men det var relativt traumatisk på grunn av pressing og skubbing. Eldstejenta og Gamla gjorde sitt beste for å verne han, men vi måtte gi opp til slutt. Musikken var sjølvsagt bra, men vi var litt skuffa over låtvalet, og sakna mange av favorittane våre.

Illustrasjonsfotoet er av Storegut og årets Idol-favoritt her i huset, den såkalla Idol-Eirik,

3 kommentarer:

  1. Etter min kalender er det laurdag i dag, i alle fall her i Ørsta. Sikkert ei oppleving for alle som fekk vere med, særlig dei som er midt i målgruppa.Her har det regna sist natt, veit ikkje korleis det har vore på Eid.

    SvarSlett
  2. Beklager. lett å gå i surr når ein har hatt fri ein månad. Feilen er retta opp!

    SvarSlett
  3. Her i huset går vi surr i dagane rett som det er. Slik er det når ein ikkje lenger har timeplan å støtte seg til.

    SvarSlett