fredag 26. juli 2013

Bok 48 2013: "Det som ventet meg" av Parinoush Saniee

Romanen har handling frå Iran før, under og etter revolusjonen i 1979, og eg-personen går frå å vere ei ung jente til å bli litt over 50. Eg synest ho kan minne om ei slags persisk Kristin Lavransdatter, for mykje av handlinga dreiar seg om vanskelege moralske val i kvinnelivet.

På mange måtar er dette ei typisk bestseljande bok med historisk handling samanblanda med personleg lagnad, og litt utover i boka trudde eg at den bevega seg heilt over i det sentimentale. Eg vil likevel hevde at denne ligg nokre nivå over dei fleste andre i sjangeren. Ikkje minst sette eg pris på dei mange persiske seiemåtane, som gir boka ein slags autensitet. Forfattaren er ei velutdanna iransk kvinne, og dette skin godt gjennom.

Eg likte boka godt, men første helvta var absolutt mest interessant og best skrive.

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Denne har jeg veldig lyst å lese :)

    SvarSlett
  3. Eg sletta kommentaren min fordi der var så mange feil. Dette er ei bok som eg godt kunne tenkt meg å lese om att,med litt betre innsikt i historia i utgangspunktet. Eg likte boka godt, men var litt irritert på denne kvinna også. Det har vel med ulik kultur å gjere.

    SvarSlett